Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Scarabeo 5 for plugging av brønn

Petroleumstilsynet har gitt Statoil samtykke til bruk av Scarabeo 5 for plugging av brønn 6406/2-7-1 i Norskehavet.


Formålet med operasjonen er å utføre permanent plugging av leitebrønn 6406/2-7.

Riggen har følgande geografiske koordinatorar:

• 64° 50' 22,895"N
• 06° 20' 31,179"A

Operasjonen er planlagd starta i juli 2014 og har ein forventa varigheit på 47 dagar.

Vassdjupna på staden er cirka 293 meter og lokasjonen er om lag 6390 meter fra næraste installasjon som er Kristin Q Flowline.

Scarabeo 5 er ein flyttbar boreinnretning bygd i Italia hos Fincantieri Shipyards Genova og stod ferdig i 1990. Den vert operert av Saipem Norwegian Branch (Saipem).

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i mai 2003.
 

Journal 2014/598

 

 

 

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064