Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Safe Zephyrus på Ivar Aasen

Det norske har fått samtykke til bruk av Safe Zephyrus som flotell på Ivar Aasen.


Det norske er operatør for Ivar Aasenfeltet, som ligg i Nordsjøen om lag 175 kilometer vest for Karmøy i Rogaland.

Feltet vert bygt ut med ei produksjons-, bore- og boliginnretning med stålunderstell og ei oppjekkbar innretning for boring og komplettering av brønnane. Produksjonen på Ivar Aasen er venta å starte i fjerde kvartal 2016.

Det norske har fått samtykke frå Ptil til bruk av flotellet Safe Zephyrus til innkvartering av personell i kompletterings- og oppstartsfasen. Samtykket gjeld fram til 1.2.2017, men vil òg gjelde dersom oppstartperioden vert forlenga ut over det som er planlagd. Det norske skal då melde frå til Ptil om dette i god tid.
 
Flotellet Safe Zephyrus er av typen GVA 3000E og vart levert frå Jurong Shipyard Pte Ltd i Singapore i 2015. Innretninga har ein kapasitet på 450 personer i enkeltmannslugarer. Ho er er eid og operert av Prosafe, er registrert i Singapore og har klasse i DNV-GL.
 
Safe Zephyrus fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil 19.7.2016.

 

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12