Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Safe Zephyrus på Johan Sverdrup-feltet

Statoil har fått samtykke til bruk av Safe Zephyrus som flotell på Johan Sverdrup.


Johan Sverdrup-feltet ligg på Utsirahøgda i Nordsjøen, 40 kilometer sør for Grane og 65 kilometer nordaust for Sleipner. Feltet er under utbygging og produksjonen skal etter planen starta i 2019. Statoil er operatør.

Samtykke gjeld bruk av flotellet Safe Zephyrus til innkvartering av personell i ferdigstillingsfasen frå mai 2018 til mai 2019.

Flotellet Safe Zephyrus er av typen GVA 3000E og vart levert frå Jurong Shipyard Pte Ltd i Singapore i 2015. Innretninga har ein kapasitet på 450 personer i enkeltmannslugarer. Ho er eigd og operert av Prosafe, er registrert i Singapore og har klasse i DNV-GL.

Safe Zephyrus fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil 19.7.2016.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77