Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Safe Scandinavia som flotell ved Snorre A

Ptil har gitt Statoil Petroleum AS (Statoil) samtykke til bruk av den flyttbare bustadinnretninga Safe Scandinavia som flotell ved Snorre A-innretninga i 2014 og 2015.


Samtykket omfattar bruk av Safe Scandinavia som flotell i perioden frå 15. april 2014 til 15. april 2015.

Statoil skal bruka Safe Scandinavia i samband med oppgradering av boreutstyret på Snorre A-innretninga.

Snorrefeltet ligg i Tampenområdet i nordlig del av Nordsjøen.

Safe Scandinavia ble bygt i 1984 hjå Aker Verdal etter eit Aker H-3.2E-design. Innretninga har maksimum 583 sengeplasser. Innretninga er operert av Prosafe Offshore Ltd. i Aberdeen, Skottland, UK.

Innretninga fekk samsvarsuttalelse (SUT) frå Ptil i april 2007.