Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av røyrledning - Heidrun

Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av ei utskifta røyrledning på Heidrunfeltet.


Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av ei uskifta røyrledning mellom Heidrun og havbotnstruktur E på Heidrunfeltet.

Utskiftinga av Heidrun P-E røyrledning er ein del av eit prosjekt for å vidareutvikla og auke levetida av Heidrun Nordflanken med 20 år.

Tidspunktet for installasjonen av ny røyrledning er mai/juni 2018 og forventa oppstart er mellom juli og september 2018.

Heidrunfeltet
Heidrun ligg på Haltenbanken i Norskehavet, 30 kilometer nordaust for Åsgard. PUD for Heidrun Nordflanken blei godkjent i 2000. Den nordlege delen av feltet er bygd ut med undervassleidningar.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12