Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Rowan Stavanger på Ymefeltet

Vi har gitt Repsol Norge as (Repsol) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Rowan Stavanger i Nordsjøen.


Ymefeltet ligg i den søraustlege delen av Nordsjøen på 77-93 meter havdjup. Feltet blei første gong bygt ut i 1995, innanfor utvinningsløyve 114, med Statoil (nå Equinor) som operatør. Produksjonsperioden var frå 1996 til 2001.

Samtykket gjeld innkvartering og brønnvedlikehald på Ymefeltet.

Boreoperasjonen startar tidlegast september 2018.

Rowan Stavanger er ei oppjekkbar innretning av klasse KFELS N, levert i 2011 av Keppel FELS Shipyard i Singapore. Rowan Stavanger vert operert av Rowan Drilling Norway AS.

 

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12