Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Rowan Stavanger på Varg

Repsol Norge as (Repsol) har fått samtykke til bruk av Rowan Stavanger til permanent plugging av brønnar på Vargfeltet.


Varg er eit oljefelt som ligg i Nordsjøen, om lag 220 kilometer sydvest for Utsira i Rogaland. Feltet er bygd ut med brønnhovudinnretninga Varg A, undervasstrukturar og den flyttbare produksjonsinnretninga Petrojarl Varg (FPSO). Produksjonen frå feltet starta i 1998.

Brønnane som skal pluggast ligg i utvinningsløyve 038 som er lokalisert i den sydlige delen av Nordsjøen, cirka 230 kilometer sydvest for Stavanger.

Planlagd oppstart er tidligast 1. september 2017 og operasjonen har ein forventa varigheit på cirka 208 dagar.

Rowan Stavanger er ei oppjekkbar innretning av klasse KFELS N, levert i 2011 av Keppel FELS Shipyard i Singapore. Rowan Stavanger vert operert av Rowan Drilling Norway AS.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77