Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Rowan Norway på Ekofiskfeltet

ConocoPhillips har fått Petroleumstilsynet (Ptil) sitt samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Rowan Norway til brønnoperasjonar på Ekofisk 2/4- M i utvinningsløyve 018.


Ekofisk er eit oljefelt som ligg på 70-75 meters havdjup i den sørlege delen av Nordsjøen. Feltet blei produsert til tankskip fram til 1973, då ein betongtank kom på plass. Sidan har det kome til mange innretningar på feltet, inkludert stigerøyrsinnretningar for tilknytte felt og eksportrøyrleidningar.

Operasjonen er planlagd starta i august 2014.

Rowan Norway er ein oppjekkbar boreinnretning bygd i 2011 ved Keppel Fels i Singapore. Den er registrert i Panama og har klasse DnV.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) 21.desember 2012.

Ptil har no gitt ConocoPhillips samtykke i samsvar med søknaden.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064