Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Navion Europa på Heidrunfeltet

Statoil Petroleum har fått samtykke til bruk av Navion Europa som mellombels lagerskip i periodar på Heidrunfeltet og Heidrun Oljeeksportprosjekt (HOES).


Heidrunfeltet ligg på Haltenbanken i Norskehavet. Vassdjupna er om lag 350 meter. Feltet er bygd ut med ei flytande strekkstaginnretning i betong og produksjonen starta i 1995.

Navion Europa vert i dag nytta til regulære bøyelastoperasjonar på norsk sokkel og er eigd av Navion Offshore Loading AS. Teekay Shipping Norway AS har ansvar for drifta.

 

Journal 2014/495

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064