Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Mærsk Reacher på Valhall

Ptil har gitt BP Norge AS (BP) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Mærsk Reacher til brønnarbeid på Valhall DP.


Samtykket omfattar permanent plugging og forlating av brønnar på boreinnretninga DP på Valhallfeltet.

Brønnoperasjonane startar etter planen i juli 2014 og held fram ein gong mellom tredje kvartal 2016 og andre kvartal 2017. Mellom ti og 14 brønnar skal pluggast og forlatast i dette tidsrommet.

Maersk Reacher er ei oppjekkbar boreinnretning som blei bygd ved Keppel-verftet i Singapore i 2009. Innretninga vert operert av Maersk Drilling Norge AS.

Maersk Reacher fekk samsvarsuttalelse (SUT) 15. juli 2011.