Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Maersk Reacher på Valhall

Vi har gitt Aker BP samtykke til bruk av den flyttbare innretninga Maersk Reacher som bustadinnretning på Valhallfeltet.


Det skal gjerast mykje arbeid på Valhallfeltet i tida som kjem, og Aker BP har no søkt om samtykke til å bruka Maersk Reacher som bustadinnretning på feltet i perioden frå september/oktober 2018 til utgangen av 2020.

Vi har gitt Aker BP samtykke til dette.

Maersk Reacher er ei oppjekkbar boreinnretning bygd ved Keppel-verftet i Singapore i 2009. Innretninga er operert av Maersk Drilling Norge AS. Maersk Reacher fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil 15. juli 2011.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77