Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Maersk Invincible på Valhall

Aker BP har fått samtykke til bruk av Maersk Invincible til plugging av brønnar på Valhall.


Valhall er et oljefelt helt sør i den norske delen av Nordsjøen, ca 340 kilometer sørvest for Stavanger. Feltet er bygd ut med seks bunnfaste innretningar på stålunderstell med brosamband. Havdjupna i området er ca 70 meter. Produksjonen starta i 1982.

Samtykket gjeld bruk av Maersk Invincible til permanent plugging av brønnar som er bora fra DP-innretninga.

Produksjonen frå Valhall DP er planlagd stansa i dei næraste åra. Tre av brønnane er framleis i produksjon, medan 18 brønnar er stengde. Av desse er 13 permanent plugga og forlatt, medan Maersk Invincible vil bli nytta til arbeidet med å plugge dei fem andre.

Maersk Invincible er ei oppjekkbar boreinnretning eigd av Maersk Drilling, Danmark. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, har klasse i DNV GL og er registrert i Singapore.

Maersk Invincible fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2017.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77