Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Maersk Invincible i 2018-2019

Vi har gitt Aker BP ASA (Aker BP) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Maersk Invincible på felta Valhall Flanke Nord (VFN) og Valhall Flanke Sør (VFS).


Samtykket gjeld bruk av Maersk Invincible for produksjonsboring, brønnoperasjonar og som flotell på VFN og VFS.

Boreoperasjonane startar tidlegast oktober 2018.

Maersk Invincible er ei oppjekkbar boreinnretning eigd av Maersk Drilling, Danmark. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, har klasse i DNV GL og er registrert i Singapore.

Maersk Invincible fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2017.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77