Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Maersk Intrepid

Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Maersk Intrepid til produksjonsboring på Martin Linge-feltet i Nordsjøen.


Samtykket omfattar boring av topphullseksjonar for produksjonsbrønnar på Martin Linge-feltet, kor Statoil er operatør.

Boreoperasjonane er estimerte til 21 døgn (42 døgn inkludert opsjonar). Planlagt oppstart er i byrjinga av mai 2018.

Maersk Intrepid
Maersk Intrepid er ei oppjekkbar boreinnretning, levert frå Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga er eigd av Maersk AS og operert av Maersk Drilling Norge AS.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2014.

Martin Linge
Martin Linge-feltet ligg i Nordsjøen, 42 kilometer vest for Osebergfeltet og nær grensa til britisk sektor. Havdjupna i området er 115 meter.

Feltet er under utbygging.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77