Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Maersk Interceptor på Ivar Aasen

Det norske har fått samtykke til å bruke Maersk Interceptor til å bore produksjonsbrønner på Ivar Aasen.


Ivar Aasen er eit olje- og gassfelt i Nordsjøen, om lag 175 kilometer vestsørvest for Karmøy i Rogaland. Havdjupna i området er om lag 110 meter. Det norske er operatør på feltet.

Feltet vert bygt ut med ei prosess-, bore- og bustadinnretning (pdQ) med stålunderstell. Boringa av brønnane på pdQ finn stad frå ei oppjekkbar innretning med cantilever borerigg.

Det norske har fått samtykke frå Ptil til å bruke den oppjekkbare boreinnretninga Maersk Interceptor til å bore produksjonsbrønnar på Ivar Aasen pdQ. Det er tidlegare bora brønnar med ei anna innretning. Førebels er det planlagd at Maersk Interceptor skal bore ytterlegare tre brønnar.

Boringa er planlagd starta tidlegast i slutten av november og er rekna å vare fram til 1. juli 2017.

Maersk Interceptor vart levert frå Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga er eigd av Maersk AS og vert operert av Maersk Drilling Norge AS. Maersk Interceptor fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2014.


Maersk Interceptor

 

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12