Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Maersk Interceptor

Spirit Energy har fått samtykke til bruk av Maersk Interceptor på Odafeltet.


Vi har gitt Spirit Energy samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Maersk Interceptor til boring av produksjonsbrønnar på Odafeltet.

Oda tilhøyrer utvinningsløyve 405, og er for tida under utbygging. Feltet ligg i den sørlege delen av norsk del av Nordsjøen, ti kilometer aust for Ula. Odafeltet vert bygt ut med ei havbotnramme med to produksjonsbrønnar knytta til Ula, og ein injeksjonsbrønn for trykkstøtte.

Samtykket omfattar boring av brønnane 8/10-B-1 H, 8/10-B-2 H og 8/10-B-3 H.

Havdjupet på staden er 66 meter.

Boreoperasjonane startar tidlegast i juni 2018, og er anslått å vara i totalt 226 dagar.

Maersk Interceptor er ei oppjekkbar boreinnretning levert av Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga er operert av Maersk Drilling Norge AS og fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2014.