Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Maersk Interceptor

Vi har gitt Aker BP samtykke til bruk av den oppjekkbare boreinnretninga Maersk Interceptor i Nordsjøen.


Samtykket omfattar bruk av innretninga Maersk Interceptor til boring og komplettering av to vanninjeksjonsbrønnar på feltet Ivar Aasen, som ligg i Nordsjøen.

Dei geografiske koordinatane på brønnane 16/1-D-6 og 16/1-D-7 er:

58° 55' 20.29'' N

2° 11' 53.22'' A

Boringa er planlagt starta i februar 2018.

Maersk Interceptor vart levert frå Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga er eigd av Maersk AS og vert operert av Maersk Drilling Norge AS.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77