Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Maersk Integrator på Gina Krog

Vi har gitt Equinor Energy AS (Equinor) samtykke til bruk av Maersk Integrator for produksjonsboring på Gina Krog-feltet.


Gina Krog er eit olje- og gassfelt som ligg i Nordsjøen, 250 kilometer vest for Stavanger og 30 kilometer nordvest for Sleipner A-innretninga. Feltet vart sett i produksjon i 2017 med Equinor som operatør.

Samtykket omfattar bruk av den flyttbare boreinnretninga Maersk Integrator til boring av produksjonsbrønnane 15/6-B-9 og 15/6-B-19.

Boreoperasjonane er venta å vara i til saman 101 døgn.

Maersk Integrator er ei oppjekkbar boreinnretning, levert fra Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga blir driven av Maersk Drilling Norge AS. Maersk Integrator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juni 2015.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77