Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Mærsk Giant som boligkvarter på Ymefeltet

Ptil har gitt Talisman Energy Norge AS (Talisman) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Mærsk Giant som boligkvarter på Ymefeltet.


Ymefeltet ligg i den søraustlege delen av Nordsjøen på 77-93 meter havdjup. Feltet blei første gong bygt ut i 1995, innanfor utvinningsløyve 114, med Statoil som operatør. Produksjonsperioden var frå 1996 til 2001.

I 2006 vedtok nye rettshavarar i utvinningsløyve 316/316B, med Talisman som operatør, å utvinne attverande ressursar med ei ny MOPU (Mobile Offshore Production Unit). Innretninga er plassert på ein lagertank for olje på havbotnen.

Etter å ha oppdaga alvorlige skadar på konstruksjonen, vedtok Talisman sommaren 2012 å avmanna Yme-innretninga. Rettshavarane har sidan bestemt at Yme-innretninga skal fjernast frå feltet. Ifølge Talisman skal Yme etter planen fjernast sommaren 2015.

Samtykket som no er gitt, omfattar bruk av den flyttbare boreinnretninga Mærsk Giant som boligkvarter i forbindelse med klargjering til fjerning. Aktiviteten skal etter planen starta i tredje kvartal 2014 og halda fram i fire til fem månader.

Mærsk Giant er ei oppjekkbar flyttbar boreinnretning (jack-up). Innretninga er eigd og vert operert av A.P. Møller-Mærsk Gruppen. Den er bygd i Japan hos Hitachi og stod ferdig i 1986. Mærsk Giant kan operere i opptil 107 meters vassdjupn og har plass til 87 personar.