Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Mærsk Giant på Vargfeltet

Talisman Energy AS (TENAS) har fått samtykke til bruk av Mærsk Giant til plugging av brønnar på Vargfeltet.


TENAS har fått samtykke til bruk av Mærsk Giant til plugging av brønnane 15/12-A-2, A-4, A-9, A-11, A-12, A-13, A-15 og A-16 på Vargfeltet.

TENAS har sett av inntil 153 dagar til aktiviteten, som vil ta starte i midten av mai 2015.

Varg er eit oljefelt som ligg sør for Sleipner øst, i den midtre delen av Nordsjøen. Feltet blir produsert med produksjonsskipet Petrojarl Varg, som har integrert oljelager og er knytt til brønnhovudinnretninga Varg A.

Brønnane skal borast med Mærsk Giant som er ei oppjekkbar flyttbar boreinnretning (jack-up). Innretninga er eigd og vert operert av A.P. Møller-Mærsk Gruppen. Den er bygd i Japan hos Hitachi og stod ferdig i 1986.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064