Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Maersk Gallant på Eldfisk

Ptil har gitt ConocoPhillips samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Maersk Gallant for plugging og forlating av produksjonsbrønn på Eldfisk 2/7 A.


Eldfisk er eit oljefelt som ligg rett sør for Ekofisk på 70-75 meter havdjup i den sørlege delen av Nordsjøen. Produksjonen starta i 1979.

Mærsk Gallant er ein oppjekkbar boreinnretning, bygd ved Far East Levingston Shipbuilding (FELS) i Singapore i 1993. Innretninga opereres av Maersk Contractors Norge A/S. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) i august 2002.

Petroleumstilsynet har no gitt samtykke til bruk av Maersk Gallant på Eldfisk i samsvar med ConocoPhillips sin søknad.

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00