Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av kontrollrom på land – Ivar Aasen

Vi har gitt Aker BP samtykke til bruk av kontrollrom på land for Ivar Aasen-feltet.


Aker BP har fått samtykke til å flytte kontrollromsfunksjonane for Ivar Aasen-feltet til land.

Flyttinga er i tråd med plan for utbygging og drift (PUD), som vart godkjend i 2013. Her står det at feltet skal kunne styrast frå eit sentralt kontrollrom (SKR) på land.

Fram til no er det kontrollrommet om bord på innretninga som har hatt styringa med feltet, men planen er at kontrollrommet på land skal overta i løpet av fjerde kvartal 2018.

Ivar Aasen
Ivar Aasen-feltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 30 kilometer sør for Grane og Balder. Vassdjupna i området er 110 meter. Ivar Aasen blei påvist i 2008, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjend i 2013. Utbygginga omfattar ei produksjons-, bore- og bustadinnretning (PDQ) med stålunderstell og enn separat oppjekkbar rigg for boring og komplettering. Produksjonen frå feltet starta i 2016.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12