Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Knarr gasseksportrøyrleidning

Gassco har fått samtykke til å ta i bruk røyrleidning for gasstransport frå Knarr.


Knarrfeltet ligg i blokk 34/3 i Tampenområdet i den nordlege delen av Nordsjøen. Feltet, der BG Norge AS er operatør, er bygd ut med undervass brønnrammar for produksjon og injeksjon og ei flytande, integrert innretning (FPSO). 

Olje og kondensat frå feltet vil bli eksportert med shuttletankar, medan gassen vil bli ført i ei 106 kilometer lang røyrleidning som er knytt til røyrleidningssystemet FLAGS på britisk sokkel for vidare transport til St. Fergus i Skottland. Gassco AS skal vere operatør for røyrleidninga når gasstransporten startar.

Ptil har no gitt Gassco samtykke til å ta i bruk røyrleidninga. Fordi 12 kilometer av røyrleidninga ligg på britisk sokkel, må britiske styremakter òg samtykke til bruken.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77