Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Island Wellserver og Island Frontier på Sigyn og Johan Sverdrup

Statoil har fått samtykke til bruk av Island Wellserver og Island Frontier til brønnintervensjonsaktivitetar på felta Sigyn og Johan Sverdrup.


Statoil har tidlegare fått samtykke til bruk av Island Wellserver og Island Frontier til brønnintervensjonsaktivitetar på felt i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Samtykket er no utvida, slik at det også omfattar felta Johan Sverdrup og Sigyn.

Samtykket gjeld frå 1. mars 2018 til 31. mars 2020.

Johan Sverdrup-feltet ligg på Utsirahøgda i Nordsjøen, 40 kilometer sør for Grane og 65 kilometer nordaust for Sleipner. Feltet er under utbygging og produksjonen skal etter planen starta i 2019. Statoil er operatør.

Sigynfeltet ligg i Sleipner-området i den sentrale delen av Nordsjøen. Feltet er bygt ut med ei havbotnramme kopla til Sleipner Øst. Statoil overtok i 2017 operatørskapet for Sigyn frå ExxonMobil.

I tillegg til to nye felt, er samtykket utvida til også å omfatta injektivitetstesting. Dette er ein aktivitet der ein testar og loggar injeksjon av vatn i reservoaret. Injektivitetstesting er ein ny arbeidsoperasjon for Island Wellserver og Island Frontier. 

Dei to innretningane er eigd av Island Offshore, som har hovudkontor i UIsteinvik.

Island Frontier vart bygd i 2004 ved Søviknes verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Island Frontier fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2006.

Island Wellserver vart bygd i 2008 ved Aker Langsten verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Island Wellserver fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2009.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77