Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Island Frontier og Island Wellserver på Sigyn

ExxonMobil har fått samtykke til bruk av Island Frontier og Island Wellserver til lett brønnintervensjon på Sigyn.


Sigynfeltet ligg i utvinningsløyve 072, der ExxonMobil Exploration and Production Norway AS (ExxonMobil) er operatør. Feltet inneheld gass, kondensat og lettolje. Produksjonen på feltet starta i 2002.

Sigyn er bygt ut med ei undervass brønnramme. Brønnstrømmen vert ført til Sleipner A-innretninga 12 kilometer nordvest for brønnramma. Feltet ligg 222 kilometer vest for Stavanger og havdjupna i området er 70 meter.

ExxonMobil har søkt om å bruke dei to flyttbare boreinnretningane Island Frontier og Island Wellserver til å gjere lett brønnintervensjon på Sigyn. Aktivitetane er planlagd starta i august og vil vare ut 2016. Det er førebels usikkert kva for ei innretning som vil verte brukt til brønnintervensjonen, då dette  saman med optimalisering av aktivitetsplanane for dei to innretningane. 

Perioden kan òg verte forlenga inn i 2017 dersom tilgjengelegheita av innretningane tilseier dette.

Ptil har gjeve ExxonMobil samtykke til bruk slik det vart søkt om.
 

              
Island Frontier                                                                        Island Wellserver        

Dei to innretningane er eigd av Island Offshore, som har hovudkontor i UIsteinvik.

Island Frontier vart bygd i 2004 ved Søviknes verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Island Frontier fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2006.

Island Wellserver vart bygd i 2008 ved Aker Langsten verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Island Wellserver fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2009.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12