Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Island Constructor på Draugenfeltet

Ptil har gitt AS Norske Shell (Shell) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Island Constructor for oppstart og reparasjon av brønnar på Draugenfeltet.


Draugen er eit oljefelt som ligg i Norskehavet, på 250 meter havdjup. Feltet er bygd ut med ei botnfast betonginnretning med integrert dekk. Stabilisert olje blir lagra i tankar i botnen av innretninga.

Island Constructor er ei innretning for brønnintervensjon som vert operert av Island Offshore Management AS. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2010.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12