Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Island Constructor

Vi har gitt Norske Shell samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Island Constructor til aktivitetar på felta Knarr og Ormen Lange.


Samtykket omfattar bruk av innretninga Island Constructor til brønn-relaterte operasjonar på felta Knarr og Ormen Lange.

Island Constructor er ei innretning for brønnintervensjon som vert operert av Island Offshore Management AS. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2010.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77