Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Island Constructor

Vi har gitt Norske Shell samtykke til bruk av Island Constructor på felta Knarr og Ormen Lange.


Samtykket omfattar planlagt brønnarbeid på Knarrfeltet og Ormen Langefeltet.

Aktivitetane skal etter planen går føre seg i andre og tredje kvartal 2018.

Island Constructor er ei innretning for brønnintervensjon som vert operert av Island Offshore Management AS. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2010.

Knarrfeltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 50 kilometer nordaust for Snorre. Feltet er bygd ut med eit produksjons- og lagerskip (FPSO) og to havbotnsrammer med brønnar for produksjon og injeksjon. Produksjonen starta i 2015.

Ormen Langefeltet ligg i den sørlege delen av Norskehavet. Feltet ble bygd ut med brønnar på havbotnen. Brønnstraumen går i røyr til landanlegget Nyhamna for prosessering og eksport. Produksjonen på Ormen Lange starta i 2007.

Norske Shell er operatør for begge felta.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77