Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av innretningar på Knarr og Gaupe

Shell har fått samtykke til bruk av innretningane på Knarr og Gaupe etter skifte av operatørskap.


A/S Norske Shell (Shell) tek over operatørskapet på Knarr og Gaupe fra BG Norge AS (BG).

I dette høvet har Shell søkt om samtykke til å bruke innretningane, sjølv om det opphaveleg er gitt samtykke til bruk av desse til den tidlegare operatøren.

Gaupe er eit olje- og gassfelt som ligg nær grensa til britisk sokkel, om lag 12 kilometer sør for Varg. Feltet, som ligg på 90 meter havdjup, er bygt ut med to havbotnbrønnar. Brønnstraumen vert ført til Armada-innretninga på britisk sokkel. BG fekk samtykke til å ta i bruk havbotninnretningane og røyrleidningane 15.2.2012. Produksjonen starta i mars same år.

Knarr er eit oljefelt i Nordsjøen, om lag 50 kilometer nordaust for Snorre. Feltet, som ligg på 410 meter havdjup, er bygd ut med havbotnbrønnar og ei flyttbar produksjonsinnretning, Petrojarl Knarr FPSO. Olja vert lasta frå FPSOen til tankskip, medan gassen vert førd i røyrleidning til St. Fergus i Skotland. BG fekk samtykke til å ta i bruk produksjonsinnretninga og havbotninnretningane 3.11.2014. Produksjonen frå feltet starta i mars 2015.

Ptil har no gitt Shell samtykke til bruk av innretningane på Knarr og Gaupe.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12