Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av innretningar på Trestakk

Vi har gitt Equinor Energy (Equinor) samtykke til bruk av rørleidningar og undervassproduksjonsanlegg på Trestakk.


Trestakkfeltet ligg i Norskehavet, 20 kilometer sør for Åsgard. Feltet er under utbygging og skal etter planen starta produksjonen i 2019.

Utbyggjingsløysninga er ei havbotnramme med fire brønnslissar og ein satellittbrønn, kopla til Åsgard A-innretninga for prosessering og gassinjeksjon.

Trestakk tilhøyrer utvinningsløyve 091, kor Equinor er operatør.

Vi har no gitt Equinor samtykke til å ta i bruk rørleidningar og undervassproduksjonsanlegg på Trestakk, samt for tilkobling til Åsgard A.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77