Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av innretningar i Alvheim-området

Ptil har gitt Det norske ASA (Det norske) samtykke til å ta i bruk eksisterande innretningar på felta Alvheim, Vilje og Volund, samt det nye feltet Bøyla, i Nordsjøen.


Bakgrunnen for samtykket er at Det norske har kjøpt Marathon Oil Norge AS (Marathon) og selskapet sine eigedelar i utvinningsløyve på norsk sokkel. Marathon sine operatørskap på felta Alvheim, Vilje, Volund og Bøyla blir no overført til Det norske.

Dato for overføring av operatørskapa er satt til 15. oktober 2014.

Endring av operatør inneber at den nye operatøren må søka om samtykke til bruk av innretningane. Det er fordi eit samtykke er eit uttrykk for Ptil sin lit til at operatørselskapet kan stå for drifta på ein forsvarleg måte og i samsvar med krava i regelverket. Samtykket er først og fremst basert på vår vurdering av relevante delar av selskapet sitt styringssystem.

Alvheim
Olje- og gassfeltet Alvheim ligg i den midtre delen av Nordsjøen, vest for Heimdal og ved grensa til britisk sektor. Havdjupet i området er 120-130 meter. Produksjonen på Alvheim starta i 2008. Feltet er bygt ut med eit produksjonsskip, Alvheim FPSO, og havbotnbrønnar.

Olja frå Alvheim blir eksportert med tankskip. Prosessert rikgass går via ein rørleidning frå Alvheim til røyrsystemet Scottish Area Gas Evacuation (SAGE) på den britiske kontinentalsokkelen.

Felta Vilje og Volund er knytt opp til Alvheim FPSO.

Vilje
Oljefeltet Vilje er eit oljefelt i den midtre delen av Nordsjøen like nord for Heimdalfeltet. Havdjupet i området er 120 meter. Feltet er bygd ut med to havbotnbrønnar og er knytt til produksjonsskipet Alvheim FPSO.

Produksjonen på Vilje starta i 2008.

Volund
Oljefeltet Volund ligg i den midtre delen av Nordsjøen om lag ti kilometer sør for Alvheimfeltet. Havdjupet i området er 120-130 meter. Feltet er bygt ut med eit havbotnanlegg med fire horisontale brønnar og er knytt til produksjonsskipet Alvheim FPSO.

Produksjonen på Volund starta i 2009.

Bøyla
Oljefeltet Bøyla ligg om lag 28 kilometer sør for Alvheimfeltet. Havdjupet her er om lag 120 meter. Bøyla er planlagt utbygt som felta Vilje og Volund med ei havbotninnretning knytt til Alvheim FPSO.

PUD for Bøyla blei godkjend i 2012. Planlagd produksjonsstart er i første kvartal 2015.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77