Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av innretningane på Vegafeltet etter operatørskifte

Ptil har gitt Wintershall Norge AS samtykke til bruk av innretningane på Vegafeltet i samband med at selskapet overtek operatørskapen frå Statoil.


Endring av operatør inneber at denne må søkje om samtykke til bruk av innretningane. Det er fordi eit samtykke er eit uttrykk for Ptil sin tillit til at operatørselskapet kan stå for drifta på ein forsvarleg måte og i samsvar med krava i regelverket, og er først og framst basert på vår vurdering av relevante delar av selskapet sitt styringssystem.

Vega ligg rett nord for Framfeltet i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupet er 370 meter. Feltet omfattar tre separate gass- og kondensatførekomstar; 35/8-1, 35/8-2 Vega og 35/11-2 Vega Sør. Ein samla PUD for Vega og Vega Sør blei godkjend av styresmaktene i juni 2007. Feltet blir bygd ut med tre havbotnrammar som er knytte til prosessinnretninga på Gjøafeltet.

Ptil har no gitt Wintershall Norge AS samtykke til bruk av innretningane på Vegafeltet

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064