Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Haven på Johan Sverdrup

Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare bustadinnretninga Haven på Johan Sverdrupfeltet.


Johan Sverdrupfeltet i Nordsjøen er under utbygging, med Statoil som operatør.

Vi har no gitt Statoil samtykke til å bruke den flyttbare innretninga Haven som bustadinnretning i samband med utbygginga. Samtykket gjeld for perioden juni 2018 til desember 2019.

Haven er ei oppjekkbar bustadnnretning som er eigd av Jacktel AS og vert operert av OSM Offshore AS. Innretninga blei bygd i Indonesia i 2010/2011, er registrert på Kypros og har klasse i DNV. Haven fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2011.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77