Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av havbotnbrønnar på Draugen

Shell har fått samtykke til å ta i bruk to havbotnbrønnar på Draugenfeltet.


A/S Norske Shell (Shell) er operatør på Draugen, som er eit oljefelt som ligg på Haltenbanken i Norskehavet, om lag 150 kilometer nord for Kristiansund. Produksjonen frå feltet starta i 1993.

Shell starta i 2013 eit program for å bora fire havbotnbrønnar på feltet. To av desse vart sette i produksjon i 2014.

Ptil har gitt Shell samtykke til å ta i bruk dei to siste brønnane, som har nevningane G2 og G3. Samtykket omfattar òg undervassutstyr, havbotnpumpe og utstyr om bord på Draugeninnretninga som er knytte til desse brønnane.

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77