Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av havbotnbrønn på Draugen

A/S Norske Shell har fått samtykke til bruk av havbotnbrønnen G1 på Draugenfeltet.


A/S Norske Shell (Shell) er operatør på Draugenfeltet, som ligg i blokk 6407/12 i Norskehavet. Produksjonen på Draugen starta i 1993, og feltet er bygd ut med ei botnfast, integrert betonginnretning.

Som eit tiltak for å auke oljeutvinninga frå feltet, vart det i 2013 starta boring av fire havbotnbrønner, som vil verta knytt opp mot Draugeninnretninga. G1 er ein av desse brønnane som no vert teken i bruk.

Shell har fått samtykke frå Ptil til å ta i bruk brønnen med tilhøyrande havbotnpumpe og anna relatert utstyr på havbotnen.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77