Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Floatel Superior som flotell på Goliatfeltet

Eni Norge AS har fått samtykke til bruk av den flyttbare boliginnretninga Floatel Superior som flotell på Goliatfeltet.


Floatel Superior blei bygd hos Keppel FELS shipyard i Singapore og stod ferdig i mars 2010. Innretninga vert operert av Floatel International AB (FIAB) i Gøteborg. Den er registrert på Bermuda og har klasse i DNV GL. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i desember 2010.

Goliat er eit oljefelt som ligg om lag 50 kilometer søraust for Snøhvitfeltet i Barentshavet. Havdjupet i området er 360-420 meter. Goliatfeltet blir bygt ut med ein sirkulær FPSO som inkluderer åtte havbotnrammer med totalt 32 brønnslissar. Havbotnrammene blir knytt til FPSO-en med eit integrert lager- og lastesystem. 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064