Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Floatel Endurance på Goliat

Vi har gitt Eni Norge (Eni) samtykke til bruk av den flyttbare bustadinnretninga Floatel Endurance på Goliatfeltet i Barentshavet.


I samband med ekstra arbeid på Goliatfeltet treng Eni meir lugarkapasitet, og har derfor søkt Ptil om samtykke til å bruka den flyttbare bustadinnretninga Floatel Endurance som flotell.

Vi har gitt Eni samtykke til dette.

Floatel Endurance vil ligga på dynamisk posisjonering og bli kopla til Goliatinnretninga med ei teleskopisk gangbru.

Samtykket gjeld for perioden 20. august til 15. november 2017.

Floatel Endurance er ei halvt nedsenkbar bustadinnretning levert frå Keppel FELS-verftet i Singapore i 2015. Ho er eigt og blir drive av det svenske selskapet Floatel International AB. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2016.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77