Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Draugen - Okea

Vi har gitt samtykke til Okea til bruk av innretningane på Draguenfeltet i Norskehavet.


I juni 2018 søkte Okea om å overta Norske Shell sine eigarandelar i Draguen og bli operatør på feltet.

Okea har no søkt oss om samtykke til bruk av innretningane på Draugen. Vi har gitt samtykke til dette.

Brukssamtykket omfattar produksjonsinnretninga med tilhøyrande brønnar, havbotnanlegg med tilhøyrande brønnar, feltrøyrleidningar, oljelastesystemet og røyrleidning for gasseksport.

Draugen er eit oljefelt som ligg i Norskehavet, om lag 150 kilomter nord for Kristiansund. Okea er operatør for feltet. Produksjonen på feltet vart starta i oktober 1993. Feltet er bygt ut med ei botnfast betonginnretning med integrert dekk. Førekomstar i nærleiken vert produserte med havbotnbrønnar knytte til Draugeninnretninga.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77