Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av deler av stigerøyrsinnretninga på Johan Sverdrupfeltet

Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av deler av stigerøyrsinnretninga på Johan Sverdrupfeltet i Nordsjøen.


Stigerøyrsinnretninga er den første av fire innretninger som skal installerast på Johan Sverdrupfeltsenter i den første fasen av feltutbygginga (fase 1).

Samtykket gjeld bruk av stigerøyrsinnretninga for ferdigstilling av utstyr og område i installasjonsfasen.

Dei ulike innretningane og anlegga for fase 1 vil klargjerast og ferdigstillast for bruk i perioden frå andre kvartal 2018 fram til til produksjonsstart.

Produksjonsstart frå Johan Sverdrup er planlagd i fjerde kvartal i 2019.

Foto: Statoil

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77