Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Deepsea Stavanger på Volund

Vi har gitt Aker BP samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Deepsea Stavanger for produksjonsboring på Volundfeltet i Nordsjøen.


Samtykket omfattar boring av 24/9-P-3 BH på Volundfeltet i Nordsjøen, kor Aker BP er operatør. Brønnen skal borast som eit sidesteg frå brønn 24/9-P-3 AH.

Boringa startar etter planen 24. februar 2019 og er anslått til å vara i 42 dagar.

Deepsea Stavanger er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygd i Sør-Korea i 2010. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling.

Vi ga samsvarsfråsegn (SUT) til Deepsea Stavanger 16. mars 2017.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77