Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Deepsea Stavanger på Maria

Wintershall har fått samtykke til å bruke Deepsea Stavanger til å bore seks produksjonsbrønnar på Mariafeltet.


Wintershall Norge AS er operatør for Mariafeltet, som er eit olje- og gassfelt på Haltenbanken i Norskehavet, om lag 230 kilometer frå kysten av Trøndelag. Havdjupna i området er om lag 300 meter. Feltet skal byggast ut med eit undervassanlegg.

Vi har gitt Wintershall samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Deepsea Stavanger til å bore seks produksjonsbrønnar på feltet.

Deepsea Stavanger er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygd i Sør-Korea i 2010. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Vi gav samsvarsfråsegn (SUT) til Deepsea Stavanger 16. mars 2017. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77