Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Deepsea Stavanger på Alvheimfeltet

Aker BP har fått samtykke til å bruke Deepsea Stavanger på Alvheimfeltet.


Aker BP er operatør for Alvheimfeltet, som er eit olje- og gassfelt og ligg i den midtre delen av Nordsjøen, vest for Heimdal og ved grensa til britisk sektor. Havdjupna i området er om lag 124 meter.

Vi har gitt Aker BP samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Deepsea Stavanger til å bore på feltet.

Deepsea Stavanger er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygd i Sør-Korea i 2010. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. 

Vi gav samsvarsfråsegn (SUT) til Deepsea Stavanger 16. mars 2017. 

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77