Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Deepsea Bergen på Huldra

Equinor har fått samtykke til å bruke Deepsea Bergen til permanent plugging av brønn 20/2-1 på Huldra.


Huldra ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 16 kilometer vest for Veslefrikkfeltet. Feltet vart påvist i 1982, og Plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjend i 1999.

Produksjonen starta i 2001 og blei avslutta i 2014.

Feltet er bygd ut med ei brønnhovudinnretning, inkludert eit enkelt prosessanlegg, og var fjernstyrt frå Veslefrikk B.

Equinor er operatør for utvinningsløyve 051 og 052B. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bruke Deepsea Bergen til permanent tilbakeplugging av leitebrønn 30/2-1 på Huldrafeltet.

Operasjonen startar tidlegast medio oktober 2018 og estimert varigheit er 26 dagar.

Brønn 30/2-1 er lokalisert på Huldra feltet, mellom Oseberg -og Kvitebjørnfeltet i den nordlege Nordsjøen. Dei geografiske koordinatane er:

Havdjupna på staden er 125 meter.

Brønnen skal pluggast med Deepsea Bergen som er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.2, bygd ved Aker Verdal i 1983. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77