Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Deepsea Atlantic til produksjonsboring

Statoil har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Deepsea Atlantic til boring og komplettering av produksjonsbrønnar på Visundfeltet.


Visund er eit olje- og gassfelt aust for Snorre i den nordlege delen av Nordsjøen. Utbygginga omfattar ei halvt nedsenkbar integrert bustad-, bore- og prosessinnretning i stål (Visund A). Produksjonen starta i 1999. Den nordlege delen av Visund er bygt ut med ei botnramme om lag 10 kilometer nord for Visund A.

Statoil har no fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Deepsea Atlantic til boring og komplettering av to produksjonsbrønnar (brønn 34/8 D-2H og 34/8 D-4H/AH) i den nordlege delen av feltet.

Havdjupet på staden er 378 meter.

Boreoperasjonane startar etter planen i byrjinga av mars, og er venta å vare i 165 dagar.

Deepsea Atlantic er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen MODU GVA 7500. Innretninga vert operert av Odfjell Drilling AS. Deepsea Atlantic sto ferdig i 2009, er registrert i Noreg og har klasse i DNV GL.

Deepsea Atlantic fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2009.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77