Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Deepsea Atlantic på Gullfaks Sør

Statoil har fått samtykke til å bruke Deepsea Atlantic til å bore to produksjonsbrønnar på Gullfaks Sør.


Statoil er operatør for Gullfaks Sør, som ligg i Tampenområdet i den nordlege delen av Nordsjøen, sør for Gullfaksfeltet. Gullfaks Sør er bygt ut med undervassbrønnrammer som er knytte til Gullfaks A og C med undervassrøyrleidninger. Produksjonen starta i 1998.

Statoil skal bore to produksjonsbrønnar frå ei ny brønnramme på gassfunnet Rimfaksdalen. I tillegg skal det borast ein brønn ved sida av brønnramma for å undersøke om det finst grunn gass i nærleiken av brønnramma. Denne brønnen vil verte plugga når resultatet ligg føre.

Havdjupna på staden er 137 meter.

Brønnane skal borast med Deepsea Atlantic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen MODU GVA 7500. Innretninga vert operert av Odfjell Drilling AS. Deepsea Atlantic sto ferdig i 2009, er registrert i Noreg og har klasse i DNV GL.

Deepsea Atlantic fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2009.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064