Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Deepsea Atlantic på Gullfaks Sør

Ptil har gitt Statoil Petroleum AS (Statoil) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Deepsea Atlantic for bore- og brønnoperasjonar på Gullfaks Sør.


Gullfaks Sør ligg rett sør for Gullfaksfeltet i en nordlige delen av Nordsjøen. Feltet er bygt ut med i alt 12 havbotnrammer, som er knytte til innretningane Gullfaks A og Gullfaks C.

Samtykket omfattar produksjonsboring og arbeid på eksisterande produksjonsbrønnar, samt permanent plugging og forlating av tre leitebrønnar.

Deepsea Atlantic er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen MODU GVA 7500. Innretninga vert operert av Odfjell Drilling AS. Deepsea Atlantic sto ferdig i 2009, er registrert i Norge og har klasse i DNV GL.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064