Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Deepsea Atlantic på Utgardfeltet

Vi har gitt Equinor Energy as (Equinor) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Deepsea Atlantic på Utgardfeltet i utvinningsløyve 046E og 046F.


Utgard er eit olje- og kondensatfelt som ligg på grensa mellom norsk og britisk del av Nordsjøen. Den største delen av feltet ligg i blokk 15/8 på norsk sokkel, om lag 21 kilometer frå Sleipner.

Samtykket gjeld boring og komplettering med Deepsea Atlantic.

Boreoperasjonen startar etter planen i august 2018, og er venta å vare i 87 dagar.

Deepsea Atlantic er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen MODU GVA 7500. Innretninga vert operert av Odfjell Drilling AS. Deepsea Atlantic sto ferdig i 2009, er registrert i Noreg og har klasse i DNV GL.

Deepsea Atlantic fekk (SUT) frå Ptil i juli 2009.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77