Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Deepsea Atlantic

Equinor har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Deepsea Atlantic til bore- og brønnoperasjonar på Framfeltet.


Fram er eit oljefelt som ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 20 kilometer nord for Troll. Havdjupet i området er om lag 350 meter.

Equinor har no fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Deepsea Atlantic til boring av tre produksjonsbrønnar.

Boringa startar etter planen i byrjinga av januar 2019, og er venta å vare i 300 dagar.

Deepsea Atlantic er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen MODU GVA 7500. Innretninga vert operert av Odfjell Drilling AS. Deepsea Atlantic sto ferdig i 2009, er registrert i Noreg og har klasse i DNV GL.

Deepsea Atlantic fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2009.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77