Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av COSL Pioneer til boring og komplettering

Statoil Petroleum AS har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga COSL Pioneer til boring og komplettering av brønnane 34/8-C-2 H og 34/8-C-2 AH på Visund Nord.


Riggen si posisjon ved boring er:

  • 61º 26’ 6, 102" N
  • 02º 35’ 20, 838" A

Aktiviteten er planlagd starta i august, med ei varigheit på om lag 120 dagar.

Visund er eit oljefelt som ligg aust for Snorrefeltet i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupet er om lag 335 meter.

COSLPioneer er av typen GM4000 og blei bygd ved Yantai Raffles Shipyard, Kina i 2010. Innretninga er eigd og operert av COSL Drilling Europe. Den er registrert i Singapore og har klasse i DnV.

COSLPioneer fekk samsvarsfråsegn (SUT) fra Ptil 17. juni 2011.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064