Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av COSL Innovator til boring på Trollfeltet med bruk av metoden "Controlled Mud Level"

Statoil Petroleum AS (Statoil) har fått samtykke fra Ptil til å bruka den flyttbare boreinnretninga COSL Innovator til produksjonsboring på Trollfeltet med bruk av metoden «Controlled Mud Level».


Samtykket omfattar bruk av COSLInnovator til produksjonsboring av 8 ½" seksjonar i brønn 31/2-L-22 på Trollfeltet ved bruk av metoden «Controlled Mud Level».

Statoil fekk samtykke til bruk av COSLInnovator til produksjonsboring på Troll i juni 2012. Samtykket vert no utvida til å omfatta bruk av Controlled Mud Level-metoden.

Controlled Mud Level (også kalla dual gradient – DGD) er ny teknologi, som Statoil har testa ut i eit pilotforsøk på ein annan produksjonsbrønn på Troll. No vil selskapet gjera eit nytt pilotforsøk for å implementera forbetringar og erfaringar frå den første piloten, før ei eventuell breddeimplementering av teknologien.

Ifølge samtykkesøknaden frå Statoil skal Controlled Mud Level-metoden på sikt gjera det mogleg å bora brønnar i depleterte reservoar når det ikkje lenger er mogleg å bora med konvensjonelle metodar.

COSLInnovator er ei halvt nedsenkbar boreinnretning bygd hjå Yantai Raffles Shipyard i Kina. Innretninga fekk samsvarsuttelse (SUT) frå Ptil i 2012, og har vore på kontrakt for Statoil på Trollfeltet sidan dette.